Det er noko rart med korleis me menneske har det med å laga reglar som gjer det stritt å leva. I min barndom for etter kvart mange år sidan var det ein del uttalte reglar som omhandla skikk og bruk samt ein del meir eller mindre lokale reglar som kva som «passar seg» for ei jente som meg. Desse reglane vart stort formidla via foreldre, men også via skule og andre instituasjonar. Me skulle vera høflege, lydige og flinke, pliktoppfyllande etc. Hjå ein del av oss var det også reglar tufta på kristen tru, som til dømes omhandla strikking på søndagar, kino, dans og andre kulturopplevingar. Mange av oss ønskte distansera oss frå dette etter kvart som me vart vaksne nok.
Ein skulle kanskje tru at dei som er born og unge nå nyt godt at fridom som foreldregenerasjonen ikkje fekk (jamfør avsnittet over). Slik er det nok for mange, håpar eg. Samtidig er det mange teikn i tida på at det slett ikkje er enkelt å vera ung, at krava og reglane ein forheld seg til tvert om kan virka vel så strenge. Følgande avsnitt frå Btbatt (Bergens Tidende si ungdomsside) formidlar noko av dette:
«Her en dag skulle vi ha svømming i gymmen, så jeg og alle jentene gledet oss ikke akkurat til en hel dag og kveld med forberedelser. For at en jente skal vise seg i badedrakt er det forventet at ikke et hår på kroppen viser, ikke en negl skal være ødelagt eller uten neglelakk, ikke en eneste kroppskvise eller føflekk skal være synlig. Kanskje folk tenker at det ikke er nødvendig å forberede seg, men mange reagerer faktisk hvis vi ikke har gjort det. Ikke alle jenter seg ut som Pamela Anderson. Slik er det bare, vi er ikke alle modeller. 14 år gammel jente»
Denne jenta set på ein flott måte ord på eit par sentrale poeng: For det første at det ein trur er andre sine forventingar lett blir levereglar for ein sjølv. For det andre ei overtyding om at reglane er sanne og MÅ levast opp til. Det er berre sånn. Ingen av oss klarer leva opp til reglane som kjem fram i hjartesukket over. Det er djupt tragisk at menneske Då har me nokre valg. Me kan bruka dag og kveld på å førebu oss på å gå ut (tida som trengs vil gradvis bli utvida). Eit alternativ er å halda oss inne, la vera å bli sett. Tredje alternativ handlar om å endra på reglane. Eg pustar lettare alt nå.
Likevel er det eit anna viktig aspekt ved dette. Me treng nokre rammer rundt oss, me treng rutinar, forventingar og nokre krav. Total fridom kan høyrast forlokkande, men fører snart til forfall for dei fleste. Me treng rammer å vera fri innanfor. Dette handlar mellom anna om verdiar. Kva ønskjer me stå for og kva er viktig for oss? Når alt er like gyldig og rett, blir me likegyldige og blir møtt med det same.